
Watermoon søkjer Prosjektingeniør innan Design og Engineering!
Søknadsfrist: 24.08.2025
Me styrkjer laget vårt, og ser etter deg som vil vere med og forme framtidas havbruk
I Watermoon er me på eit oppdrag: Å revolusjonere havbruket for framtidige generasjonar. Me trur det er mogleg å metta verdas befolkning med sunn sjømat, utan å belasta havet. Difor har me utvikla ein ny teknologi som gjev oss full kontroll på produksjonen, og null påverknad på det marine miljøet. Ingen rømming. Ingen lus. Ingen avfall.
Om rolla
Som prosjektingeniør i Watermoon vil du ha ei sentral rolle i å setje standarden for framtidas havbruk. Saman med resten av teamet i Watermoon skal du omsetja strategiske satsingar til konkrete teknologiar. Dette skal resultere i lønsame produkt og løysningar, og oppfylling av Eide sine strategiske satsingar. Målet er berekraftig havbruk basert på fornybare ressursar og dei naturgitte forholda i fjord og hav. Rolla som prosjektingeniør i Watermoon er brei og utviklingsorientert. Me søker deg som ønskjer å bruke kompetansen din innan design, engineering eller teknologiutvikling, og som motiverast av å vere med frå idé til ferdig produkt. Avhengig av fagleg bakgrunn og interessefelt vil stillinga kunne tilpassast og utviklast i ulike retningar, med moglegheit for spesialisering eller brei tverrfagleg rolle over tid.
Arbeidsoppgåver inkluderer:
Detaljera og visualisera nye løysingar, konsept og komponentar.
Bidra til produksjonsmessig, biologisk eller teknisk optimalisering og forbetring av design på eksisterande komponentar og funksjonar i Watermoon-eininga
Delta i innovasjon og teknologiutvikling saman med både operasjonelle og tekniske ressursar i bedrifta/prosjektteam, og bistå til at ideane blir skissert og gjort om til konsept
Samarbeide med andre ressursar som utfører FEM-analysar og statiske berekningar for å sørge for at designet oppdaterast iht. beregningsresultantene
Vere rådgjevar og ressursperson i val av materialar, installasjonar, utstyr og verktøy
Identifisera moglegheiter og avgrensingar i konsept og design, og gi konstruktive innspel
Delta i utvikling, testing og vidareutvikling av prototypar og komponentar fram til ferdig produkt
Vere ein støttespelar for disiplinleiar design, disiplinleiar engineering, leiar FoU eller prosjektleiar ved å bidra til å sikra ønska kvalitet, tid og kostnader i prosjekt
Vere ein aktiv sparringpartner for disiplinleiar design, disiplinleiar engineering, leiar FoU eller prosjektleiaren i vegval og evaluering av prosjekt
Bistand til å hente ut illustrasjonar av produkt og komponentar i forbindelse med marknadsføring og søknadsarbeid

Ynskja kvalifikasjonar
Høgare utdanning innan relevant fagfelt, til dømes maskiningeniør, ingeniør innan produktutvikling mekanisk eller industriell designer. Kompetanse eller forståing for produksjonsprosessar innan ein eller fleire av følgande: PE, stål, tekstil og kompositt.
Fordel med kjennskap til programvare som Inventor, Solidwork og lignende.
Personlege eigenskapar
For å lykkast i rolla er det viktig at du:
Handlar på eiget initiativ, får ting til å skje og tar ansvar
Blir motivert og inspirert av å gjere ein forskjell saman med vårt dyktige team
Trivast med ulike typar oppgåver og variasjon i arbeidskvardagen
Samarbeider godt med andre; deler kunnskap, erfaringar og gjer støtte
Gjennomfører planar, og oppnår gode resultat
Er systematisk, planlegg framover og gjer klare prioriteringar
Analyserer problemstillingar effektivt og tar gode faglege vurderingar
Produserer nye og innovative idéar og løysningar
Kvifor bli ein del av Watermoon?
Hos oss vil du arbeide med høgteknologi på sjø, og ditt fagfelt vil vere heilt sentral for verksemdas framtidige suksess. I Eide tør me å satse, både på visjonar og på folk. Fagmiljøet i verksemda er i dag lite, men i sterk vekst. Dette gjer at du vil ha gode mogelegheiter for vekst og utvikling hos oss.
Me har eit motto: Det viktigaste er å ha det gøy. Me har eit veldig godt arbeidsmiljø der du får faglege utfordringar og kjem til å ha det kjekt på jobb. Som tilsett hos oss vil du komme inn i ei verksemd med stor grad av utvikling og innovasjon, og du vil vera med på å skapa ei meir berekraftig framtid.
I Eide har me fokus på mål og gjennomføring, og kan tilby fleksibel arbeidstid i ein fast 100 % stilling. I tillegg har me gode forsikringar og pensjonsordning. Du vil ha tilgang på moderne kontorfasilitetar både i Bergen og ved hovudkontoret i Eidestøa.
Søknadsinformasjon
Me ynskjer deg velkomen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument. Har du spørsmål knytt til stillinga, ta kontakt med: Head of R&D / Design Kristoffer Hermansen / +47 90 53 80 97 / kristoffer.hermansen@efb.no, eller Discipline lead Engineering Maria Danielsen / +47 99 22 76 62 / maria.danielsen@efb.no
Om arbeidsgiveren
We're committed to leading a movement that redefines how we farm fresh, natural and sustainable seafood for ours and future generations. The Eide-group is a 3rd generation family-owned business with a vision to set the standard for the future of aquaculture. Eide produce healthy and sustainable seafood and is to our knowledge the world’s first and only CarbonNeutral® certified salmon producer. Through strategic initiatives such as Salmon Eye, Eide Sustainable Marine Technology, and WaterMoon we furthermore challenge the status quo towards a more sustainable seafood production.
The people working at Eide are our backbone. Their concern is for the fish, each other, and the future. Every year we sell approximately 4,5 million salmon to markets all over the world. That’s 90 million meals! We are currently working towards further developing our offering and aim to sell a wide variety of healthy and sustainable seafood products in the future.
Salmon Eye opened on September 2nd 2022, and is a state-of-the-art monument in the middle of the spectacular Hardanger Fjord. Salmon Eye is a forum meant to inspire and inform the world on how to better feed the planet with sustainable seafood. Visually stunning, with it’s double curved ellipsoid design, Salmon Eye is one of the world’s largest enterable floating art installations. Our aim is to see aquaculture in a new evolutionary way.
Eide Sustainable Marine Technology is currently developing break-through innovations within aquaculture. The new WaterMoon technology is developed in ESMT and is an important strategic part of the Eide group, enabling us to produce in a revolutionary way. The initiative will enable a paradigm shift in our industry and set a new standard for aquaculture.
At Eide we have a flat organizational structure, and you will join a very innovative and forward-thinking team. The Eide group is characterized by goal orientation and a strong sports mentality, and we believe that hard work and fun goes hand in hand. Our passion for producing healthy, sustainable, and tasty seafood for ours and future generations is visible throughout our organization.
To learn more about us visit us at www.efb.no