
VAP-ansvarleg - Økologisk laks
Søknadsfrist: 29.06.2025
Bli med å setje standarden for framtidas havbruk som VAP-ansvarleg
Eide er eit familieeigd selskap og ein av pionerane i havbruksnæringa. Me brenn for å skape eit havbruk som er berekraftig, ansvarleg og framtidsretta. Vår visjon er klar: Me vil vere ein leiande aktør som viser korleis framtidas havbruk kan og bør vere
No ser me etter ein engasjert og strukturert VAP-ansvarleg til salsteamet vårt. I denne rolla får du ansvaret for å utvikle og drifte Eide sitt tilbod av foredla produkt basert på økologisk laks. Du vil vere bindeleddet mellom Eide og eksterne partnarar, og samarbeide tett med både premium retail- og HORECA-kundar for å skape løysingar som møter behova deira
Eksempel på arbeidsoppgåver og ansvarsområde:
- Etablere og følgje opp strategiske samarbeid med utvalde VAP-partnarar
- Utvikle og vedlikehalde ein komplett produktportefølgje for økologisk VAP
- Samarbeide tett med salsteamet og nøkkelkundar for å definere behov og tilpasse tilbodet
- Kartlegge marknadsmoglegheiter og bidra til å identifisere nye produkt og løysingar
- Koordinere prisstruktur og støtte salssjef i forhandlingar rundt VAP-produkt
- Sikre at alle produkt møter krav til økologisk sertifisering, sporbarheit og kvalitet i samarbeid med QA
Kven er du?
Me ser etter deg som har erfaring frå produktutvikling, foredling, logistikk eller sal innan sjømat eller matindustri. Dine personlege eigenskapar er like viktige som di erfaring og kompetanse. Det er viktig at du har evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, og drive prosjekt frå idé til løysning.
- Du er strukturert, sjølvstendig og driv prosjekt frå idé til løysing
- Du har god forståing for kva premiumkundar ønskjer, og kva som krevst i VAP-verdikjeda
- Du har forhandlingskompetanse og ein kommersiell teft som gjer deg trygg i møte med kundar og partnarar
Kvifor Eide?
I Eide tør me å satse, på visjonar og på folk. Me bryr oss om kvarandre, fisken vår, og miljøet me driv og lever i. Som vår VAP-ansvarleg for økologisk laks vil du vere ein viktig lagspelar og bli ein del av eit godt arbeidsmiljø. Hos oss vil du ha moglegheit for personleg og fagleg utvikling i eit godt, trygt og inkluderande arbeidsmiljø, der arbeidsglede er viktig.
- Jobb i ei framtidsnæring, i eit selskap som tør å satse
- Varierte og interessante arbeidsoppgåver
- Et arbeidsmiljø der både tryggleik og arbeidsglede er viktig
- Konkurransedyktige vilkår
Arbeidsstaden vil vere ved våre kontorer på Vestlandet med reiseaktivitet til partnarar og kundar
Søknadsinformasjon
Me ønsker deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument innan søknadsfristen. Om du har spørsmål knytt til stillinga, ta gjerne kontakt med HR-leiar Mari Lundal / mari.lundal@efb.no / +47 40 62 87 43.
For meir informasjon om selskapet, sjå våre nettsider og sosiale medium www.efb.no.
eide.organic - organic salmon from the fresh fjords of Norway
Søk i dag og bli ein viktig del av vår spanande reise for å setje standarden for framtidas havbruk