Sal- og logistikkoordinator

Søknadsfrist: 29.06.2025

Send din søknad her

Søknadsfrist:

29. juni 2025

Arbeidssted:

Brandasund, eller i nærleiken av slakteriet

Nettside:

https://www.efb.no/

Kontakt:

HR-leiar Mari Lundal

Email: mari.lundal@efb.no 

Tel: +47 40 62 87 43.

Bli med å setje standarden for framtidas havbruk som sal- og logistikkoordinator

Eide er eit familieeigd selskap og ein av pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. Visjonen vår handlar om å vere eit førebilete, slik at me kan produsera mat i sjøen på ein berekraftig måte.

Som sal- og logistikkoordinator vil du spele ei nøkkelrolle i å sikre ein smidig og presis samanheng mellom sal, produksjon, slakt og logistikk – med hovudfokus på økologisk laks. Dette er ei rolle for deg som likar ansvar, presisjon og samarbeid – og som vil vere med på å gjere ein forskjell.

Arbeidsoppgåver og hovudansvar

  • Koordinere daglege aktivitetar mellom slakteri, produksjonsplan og salsteam for å sikre presis og punktleg levering
  • Følgje opp kontraktar og sikre at avtala leveransevolum og -vekter blir haldne kvar veke
  • Varsle om avvik og flaskehalsar i god tid
  • Vedlikehalde og oppdatere oversikta over alle økologiske leveransar
  • Delta i salstavlemøte og bidra til kontinuerleg forbetring av produksjonsflyten
  • Støtte salsteamet med dokumentasjon, logistikkinformasjon og systematisk oppfølging

Kven er du?

Me ser etter deg som har erfaring frå drift, salskoordinering, logistikk eller produksjonsplanlegging – gjerne frå sjømat eller daglegvare. Dine personlege eigenskapar er like viktige som di erfaring og kompetanse. Det er viktig at du har evne til å arbeide strukturert og målretta, og tar tak og varslar før det oppstår problem.

  • Du har god systemforståing og klarer å handtere fleire parallelle prosessar
  • Du har sterke samarbeidsevner og trivst med å vere bindeleddet mellom ulike avdelingar
  • Kjennskap til slakteri, foredling eller oppdrett er ein fordel, men ikkje eit krav

Kvifor Eide?

I Eide tør me å satse, på visjonar og på folk. Me bryr oss om kvarandre, fisken vår, og miljøet me driv og lever i. Som vår sal- og logistikkoordinator vil du vere ein viktig lagspelar og bli ein del av eit godt arbeidsmiljø. Hos oss vil du ha moglegheit for personleg og fagleg utvikling i eit godt, trygt og inkluderande arbeidsmiljø, der arbeidsglede er viktig.

  • Jobb i ei framtidsnæring, i eit selskap som tør å satse
  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver
  • Et arbeidsmiljø der både tryggleik og arbeidsglede er viktig
  • Konkurransedyktige vilkår

Arbeidsstaden vil vere på Brandasund, eller i nærleiken av slakteriet

Søknadsinformasjon

Me ønsker deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument innan søknadsfristen. Om du har spørsmål knytt til stillinga, ta gjerne kontakt med HR-leiar Mari Lundal / mari.lundal@efb.no / +47 40 62 87 43.

For meir informasjon om selskapet, sjå våre nettsider og sosiale medium www.efb.no.

Søk i dag og bli ein viktig del av vår spanande reise for å setje standarden for

framtidas havbruk