Produksjonsleiar Osland Genetics

Søknadsfrist: 20.06.2023

Søknad sendes til:

thoralf@osland.no

Søknadsfrist:

20. juni 2023

Arbeidssted:

Bjordal

Nettside:

https://osland.no/

Kontakt:

Thoralf Solberg

Dagleg leiar Osland Genetics AS

Tel: +47 907 38 499

Email: thoralf@osland.no

Osland søker etter produksjonsleiar som vil vere med og forme verdas beste regnbogeaure!

Form the origin. Innovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I eit enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett. Osland har sidan 1963 utvikla og bevart Noregs eldste stamme av regnbogeaure og arbeida for optimale vekstforhold for fisk, rogn og smolt.

Du skal leie Osland Genetics sitt team som har ansvar for produksjon av regnbogeaure rogn, lokalisert til Bjordal i Høyanger kommune

Viktigaste oppgåver er ansvar for dagleg drift av lokalitetane Osland II, Midtneset og Oslandsurda. Samt oppfølging av personale, nå kvalitets- og produksjonsmål og ivareta HMS.

Vi satsar friskt på rogna vår og har spennande planar om nybygg og ombygging i tida framover. Du blir ein sentral aktør i desse prosjekta.

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje, tilretteleggje og leie den daglege produksjonen i samarbeid med nøkkelpersonar i bedrifta. Produksjonen er primært på 3 lokalitetar i Bjordal
  • Personalansvar for Osland Genetics sine tilsette på Osland Brygge. Herunder ansvar for riktig bemanning, kompetanseutvikling, vaktplanar, oppfølging sjukefråvær og eventuelle personalsaker.
  • Ansvar for utarbeiding av og å oppnå produksjonsmålsetningar og driftsbudsjett. Dette inkluderer oppfølging av HMS, sjukefråvær, økonomi, svinn, servicegrad og kvalitet.
  • Identifisere, analysere og gjennomføre forbetringsarbeid.
  • Bidra til å sikre god drift, med ansvar for semilukka og landbasert produksjon av stamfisk
  • Sikre god samhandling med andre avdelingar, leverandørar og kundar
  • Ansvar for dagleg drift, vedlikehald og oppdatering av prosedyrer
  • Vidareutvikle avls- og produksjonsavdelinga vår i Bjordal
  • Det er ønskeleg at du kan ta del i vakt-turnusen på anlegget, pt vakt kvar 4.veke

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har høg gjennomføringsevne og pågangsmot. Du har gode kommunikasjonseigenskaper, er inspirerande, motiverande og løysningsorientert.

  • Fordel med erfaring og kompetanse innan fiskeoppdrett (rognproduksjon), men erfaring/kompetanse frå andre bransjar kan vere av interesse
  • Gode leiareigenskapar med gode resultat i forbindelse med utvikling av avdeling/selskap og medarbeidarar.
  • Erfaring frå større prosjekt er ønskeleg
  • Høgare utdanning (bachelor- eller masternivå) er ønskeleg, realkompetanse kan kompensere for manglande utdanning.
  • Beherske norsk og engelsk (munnleg og skriftleg)
  • Førarkort klasse B
  • Ønskeleg med truckførarbevis /kranførarbevis
  • Stillinga passar for deg som har godt humør, er initiativrik og resultatorientert
  • Du kan takle ein uforutsigbar arbeidssituasjon samtidig som du har struktur i arbeidet ditt
  • Du må ha gode samarbeidsevner, trivast med teamarbeid og kunne vere utøvande og fagleg ansvarleg for å koordinere og leie arbeidet ditt.

Vi tilbyr

  • Ei spennande bedrift i utvikling, med satsing innan alle trinn i verdikjeda innan havbruksdrift.
  • 100 % fast stilling
  • Arbeidsstad: Bjordal, noko reising må påreknast
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • 5 % pensjon og gode lønns- og arbeidsvilkår
  • Bedriftshytter og andre velferdstilbod.

Osland er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Osland Havbruk AS er en IA-bedrift og opplevast som ein fleksibel arbeidsgivar.

Velkommen til Team Osland

Våre tilsette i Osland Havbruk AS, Osland Genetics AS og Osland Settefisk AS utgjer Team Osland. Til saman har om lag 60 fagfolk med ulik kompetanse og ulike arbeidsoppgåver arbeidsplassen sin her. Nokre har høgare utdanning mens andre er praktikarar med tiår med erfaring. Det er samansetninga av kompetansen til desse som dannar grunnlaget for arbeidet utført. Det er dette teamet som utgjer Osland.