Leder for Kvalitet, HMS og Bærekraft
Søknadsfrist:21.01.2024
Er du vår nye kvalitetsleiar?
Me søkjer ein kvalitetsleiar som gjennom god internkontroll bidrar til å gjere dagen sikrare, betre og meir berekraftig for medarbeidarar, kundar og fjordane våre, og som bidrar til lønnsemd og vekst for selskapet. Vi ser etter deg som trivst med å jobbe systematisk med å drifte og utvikle kvalitetssystem. Du trivst like godt med det strategiske som det operasjonelle, og kan både delegere ansvar og vere utførande sjølv. Stillinga vil rapportere direkte til dagleg leiar og inngår i leiargruppa i selskapet.
Ansvarsområde
- Drifte og utvikle kvalitetssystemet, Landax, som selskapets viktigaste styringssystem
- Oppfølging av bedriftas eksisterande sertifiseringar og etablering av nye
- Leia og delta i revisjonar internt og eksternt
- Leia og delta i forbetringsarbeid
- Prosessansvar for gjennomføring av risikoanalyser i selskapet
- Etablere strategi, mål og handlingsplanar innan HMS, kvalitet og berekraft, støttespelar og pådrivar for at desse vert forankra og gjennomført
- Jobbe systematisk med å vidareutvikle sikkerheitskulturen i selskapet
- Ansvar for å utarbeide den årlege Bærekraftsrapporten og bidra til å ivareta eit berekraftig omdømme for bedrifta
Ynskja kvalifikasjonar
- Solid og relevant erfaring frå arbeid med kvalitetsarbeid, samt HMS og berekraft
- Utdanning på høgskulenivå og relevant erfaring frå tilsvarande stilling
- Inngåande systemkompetanse
- Erfaring frå revisjonsarbeid
- Fortrinnsvis erfaring frå Havbruksnæringa
Personlege eigenskaper
- Er initiativrik og opptatt av at selskapet når sine overordna mål
- Er sjølvstendig og evnar å utvikle rolla
- Har gode samarbeidsevner og oppteken av å gjera andre og fellesskapet gode
- Har sterk gjennomføringsevne og gode kommunikasjonseigenskaper
Kva me tilbyr
Ein svært sentral stilling i eit solid og veldrive selskap med føremål å produsera næringsrik mat der berekraft og god fiskehelse er rettesnorer. Meiningsfulle og inspirerande arbeidsoppgåver, med stor innverknad på eigen arbeidskvardag og utvikling. Me tilbyr konkurransedyktige vilkår i eit stimulerande, dyktig og engasjerande kollegium, med gode kontortilhøve sentralt plassert i Norheimsund. Det vil også være mogleg å arbeide frå Bergen.
Om arbeidsgiveren
Me har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger, Nord- og Sunnhordland og Karmøy, der me speler på lag med naturen og er ein stolt forvaltar av nasjonalskattar. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 16 ulike lokalitetar med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn og omsetnat på 1 mrd kroner. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund