
Key Account Manager
Søknadsfrist: 29.06.2025
Vil du ta del i å forme framtidas havbruk som Key Account Manager?
Eide er eit familieeigd selskap og ein pioner innan havbruk. Visjonen vår er å setje standarden for framtidas havbruk – å vere eit førebilete som viser at det er mogleg å produsere mat i sjøen på ein berekraftig og ansvarleg måte. Vi er stolte av å drive økologisk oppdrett, med dyrevelferd og miljø i fokus, og leverer førsteklasses økologisk laks til kundar i heile Europa
Me søkjer no ein engasjert og målretta Key Account Manager til salsteamet vårt. I denne rolla vil du bygge og forvalte langsiktige relasjonar med nøkkelkundar i Europa, og bidra til å sikre årlege kontraktar og kontinuerleg levering av økologisk laks.
Arbeidsoppgåver og hovudansvar:
- Forhandle og sikre årskontraktar med nøkkelkundar i Tyskland, Frankrike, Nederland, Italia og Storbritannia.
- Ha løpande dialog med verdikjeda og halde oversikt over kapasitet og produksjon.
- Samarbeide tett med sal- og logistikkteamet og bidra til å forbetre prosessar og effektivitet.
- Rapportere prognosar og volumbehov til produksjon og slakt.
- Identifisere nye kundesegment og forretningsmoglegheiter i tråd med Eide si premium- og økologistrategi.
- Samarbeide med branding-teamet for å styrkje marknadsposisjonen vår.
Kven er du?
Me ser etter deg som har erfaring frå B2B-sal innan matvare, sjømat eller FMCG – gjerne internasjonalt. Dine personlege eigenskapar er like viktige som di erfaring og kompetanse. Det er viktig at du har evne til å arbeide strukturert og målretta, og er trygg i salsrolle med høgt ansvarsnivå.
- Du er strukturert, målretta og trygg i ei salsrolle
- Du har god forståing for kontraktsforhandlingar, logistikk og sesongstyrt produksjon.
- Du er ein relasjonsbyggjar med sterke kommunikasjonsevne
Kva kan Eide tilby?
I Eide tør me å satse, på visjonar og på folk. Me bryr oss om kvarandre, fisken vår, og miljøet me driv og lever i. Som vår Key Account Manager vil du vere ein viktig lagspelar
og bli ein del av eit godt arbeidsmiljø. Hos oss vil du ha moglegheit for personleg og fagleg utvikling i eit godt, trygt og inkluderande arbeidsmiljø, der arbeidsglede er viktig.
- Jobb i ei framtidsnæring, i eit selskap som tør å satse
- Varierte og interessante arbeidsoppgåver
- Et arbeidsmiljø der både tryggleik og arbeidsglede er viktig
- Konkurransedyktige vilkår
- Arbeidsstaden vil vere på Vestlandet med reiseaktivitet i Europa
Søknadsinformasjon
Me ønsker deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument innan søknadsfristen. Om du har spørsmål knytt til stillinga, ta gjerne kontakt med HR-leiar Mari Lundal / mari.lundal@efb.no / +47 40 62 87 43.
For meir informasjon om selskapet, sjå våre nettsider og sosiale medium www.efb.no.
Søk i dag og bli ein viktig del av vår spanande reise for å setje standarden for framtidas havbruk
eide.organic - organic salmon from the fresh fjords of Norway