HR-Rådgiver
Søknadsfrist: 27.01.2024
Lingalaks veks og me har store ambisjonar for berekraftig matproduksjon i fjordane våre. For å styrke arbeidet rundt vår viktigaste ressurs, menneska, søkjer me no etter ein HR-Rådgjevar til nyoppretta stilling.
Med din erfaring frå operativ HR vil du få ei sentral rolle med ansvar for å leie prosessarbeid og initiativ for beste praksis innan HR. Me ynskjer å sikre gjennomføringskraft og endringskapasitet i organisasjonen for å rigge oss best mogleg for framtida. Stillinga vil rapportere direkte til dagleg leiar.
Arbeidsoppgåver
- Bistå leiarane for å sikre ei god medarbeidaroppleving
- Utvikle og implementere standardiserte prosessar innan HR-funksjonen
- Sikre overhalding av relevante lover, forskrifter og selskapets retningslinjer
- Ansvar for selskapet sin løns- og personalpolitikk inkludert lønsforhandlingar
- Bistå og sikre profesjonell gjennomføring av rekrutteringsprosessar
- Ansvar for personaladministrative oppgåver
- Sikre oppfølging av verksemda sine kompetansekrav
- Leiarutvikling og kompetanseutvikling av medarbeidarar
- Utvikle HR-strategien til selskapet iht. forretningsstrategien
- Fremja eit godt arbeidsmiljø og god trivnad i hele verksemda
- Bidra til å byggje ei framtidsretta og datadriven organisasjon, med å aktivt søkje nye løysingar for langsiktig suksess.
Me søkjer ein tillits- og relasjonsbyggjar som evner å sjå samanhengar mellom forretningsstrategi og organisasjonsutvikling:
- Minimum 3-5 års erfaring innen HR-faget
- Høgare utdanning innanfor ledelse, HR, personal, organisasjonsutvikling eller andre relevante fagområder
- Har god oversikt, og kunnskap, om relevante lover og reglar
- Vert motivert av å kombinera personaladministrative oppgåver med strategisk HR
- Er initiativrik og ønsker å bidra til at selskapet når sine overordna mål
- Er proaktiv, sjølvstendig og evnar å forme og utvikle HR som fagområde i selskapet
- Har gode samarbeidsevner og er oppteken av å gjera andre og fellesskapet gode
- Har sterk gjennomføringsevne og gode kommunikasjonseigenskaper
Kva me tilbyr
Ei svært sentral stilling i eit solid og veldrive selskap med føremål å produsera næringsrik mat der berekraft og god fiskehelse er rettesnorer. Meiningsfulle og inspirerande arbeidsoppgåver, med stor innverknad på eigen arbeidskvardag og utvikling. Me tilbyr konkurransedyktige vilkår i eit stimulerande, dyktig og engasjerande kollegium, med gode kontortilhøve sentralt plassert i Norheimsund. Det vil vere mogleg å benytte kontorplass i Bergen nokre dager i veka.
Om arbeidsgiveren
Me har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger, Nord- og Sunnhordland og Karmøy, der me speler på lag med naturen og er ein stolt forvaltar av nasjonalskattar. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 16 ulike lokalitetar med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn og omsetnat på 1 mrd kroner. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.Våre 55 dyktige tilsette har openheit, framtidsretta og kvalitet i fokus for å møta framtidige utfordringar og bidra til ytterlegare vekst for selskapet