Fiskehelsebiolog
Søknadsfrist: 11.01.2024
Hardingsmolt AS står ovanfor ein spennande fase med ytterlegare produksjonsvekst, og søkjer etter medarbeidar til å bidra iproduksjonsplanlegging, oppfølging av produksjon og avvikshandtering.
Heilt i frå me mottek rogn i klekkeriet på vårt RAS-anlegg til me leverer postsmolt frå vårt lukkasjøanlegg på Koløy (Fitjar), er produksjonen hjå oss eit samspel av teknikk, kjemi og biologi. Fisken eri fokus, og me opprettar difor ei stilling med base i Tørvikbygd i Kvam herad som skal støtte heile organisasjonen med optimalisering og analyse av produksjonen ut frå fiskens biologiske behov.
Arbeidsoppgåver:
- Rådgjevande funksjon og støtte til produksjonsleiing/produksjon.
- Delta i produksjonsplanlegging, optimalisering og operasjonelt arbeid innan fiskehelse.
- Utføre forskriftsmessige helsekontroller og utskrive resepter.
- Prøvetaking og kvalitetskontroller av fisk og vannkvalitet både i felt og lab.
- Oppfylging av produksjonsstyringsverktøy, inkludert rapportering til myndigheiter.
- Kontaktpunkt mot forvaltning som gjeld fiskehelse og fiskevelferd.
- Rapportering av gjennomført produksjon og oppfølging av avvik.
- Arbeide med parameter innan biologiske målsetjingar.
- Bidra med opplæring av medarbeidarar og kontinuerleg forbetringsarbeid.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Fiskehelsebiolog eller veterinær med norsk autorisasjon.
- Helst erfaring frå RAS-anlegg, men erfaring frå oppdrettsbransjen er sterkt ynskjeleg.
- Komfortabel med ulike dataverktøy, gjerne bransjespesifikke.
- Analytisk evne til å finne årsakssamanhengar.
- Evne til å handtere ansvar, arbeide strukturert og planlegge nøyaktig.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner med norsk som arbeidsspråk.
- Førarkort kl. B
Me tilbyr:
- Konkurransedyktige vilkår.
- Utfordrande arbeidsoppgåver og godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- (AFP og innskot) og forsikringsordningar.
- Variert og operasjonell kvardag i eit stort arbeidsfellesskap.
Ein del reising må påreknast og arbeidsstad vil vere fordelt mellom Tørvikbygd og Koløy. Detvil vere moglegheit for delvis heimekontor. Stillinga rapporterer til dagleg leiar.
Les meir om oss på våre nettsider www.hardingsmolt.no. For ytterlegere informasjon om stillinga, ta kontakt med Marthe Knight, administrasjonssjef på tlf. 941 77 549.
Kortfattasøknad og CV sendes innan 11. januar 2024 til: marthe.knight@hardingsmolt.no