Driftstekniker/Lokalitets­ansvarlig avd. Radøy

Søknadsfrist:17.03.2024

Send din søknad her

Søknadsfrist:

17.mars 2024

Arbeidssted:

Marøyvegen, Bøvågen 

Nettside:

lingalaks.no

Kontakt:

Morten Laupsa-Borge

Produksjonsleder

Tlf:48 26 81 91

Me søkjer driftsteknikar og lokalitetsansvarlig til vårt produksjonsteam på Radøy

Lingalaks søkjer etter engasjerte medarbeidarar til lokalitetane våre på Radøy. Me har ambisjonar om å satse stort på desse lokalitetane framover, og lyt i den forbindelse supplere bemanningen vår med fleire driftsteknikarar. Har du erfaring frå næringen og eit ønskje om ekstra ansvar kan du også vere aktuell som lokalitetsansvarleg. Dette føra med seg ekstra ansvar for dagleg drift og er kompensert med eit eget tillegg.

I Lingalaks jobbar me tett på kvarandre og ynskjer at kvar enkelt skal ha moglegheit til å påverka produksjon og retning for selskapet. Hos oss er det viktig at dei ansatte opplever meistring og personleg utvikling. Derfor jobbar me for at den enkelte skal ha ein variert arbeidskvardag med ansvar og meining.

Du kan lesa meir om korleis me arbeider med bærekraftig matproduksjon i bærekraftsrapporten som ligg på våre nettsider.

Viktigaste arbeidsområder:

  • Drift av lokalitet, dvs., kontroll og tilsyn av fisk.
  • Vedlikehald, løpende kontroll og ettersyn av driftsutstyr, anlegg, båtar og bygningar, samt reinhold og fokus på biosikkerhet.
  • Delta ved smoltutsett, fôrmottak, notskift, avlusing, levering av fisk etc.
  • Journalføring og rapportering.
  • Avlasta driftsleiar ved behov.
  • Delta i selskapet si vaktordning.

Ønska kvalifikasjoner og eigenskapar:

  • Strukturert, ryddig og nøyaktig.
  • Kunne arbeide sjølvstendig, være handlekraftig og løysningsorientert.
  • Har stå-på-vilje, er positiv og liker å arbeide i team.
  • Gode norskkunnskaper både muntlig og skriftlig
  • Fagbrev eller høgare utdanning innan akvakultur eller tilsvarande, samt maritim erfaring eller erfaring frå fiskeoppdrett er ein fordel, men gode kandidater vært vurdert uavhengig av dette.

 Lingalaks tilbyr:

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Kollektiv forsikrings- og pensjonsordning
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver i ein framtidsretta bedrift i rask utvikling
  • Gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling, samt anledning til å få meir ansvar i selskapet

Om arbeidsgiveren

Lingalaks har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger, Nord- og Sunnhordland og Karmøy, der me speler på lag med naturen og er ein stolt forvaltar av nasjonalskattar. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 16 ulike lokalitetar med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.Våre 50 dyktige tilsette har berekraft, innovasjon og teknologisk utvikling i høgsete for å møta framtidige utfordringar og bidra til ytterlegare vekst for selskapet. Me har som mål å auka vår produksjon i dei komande åra gjennom nyskaping, kvalitet og utvikling av nye produksjonsmetodar i sjø og på land.