Driftstekniker
Søknadsfrist: 14.01.2024
Me søkjer driftsteknikar til vårt produksjonsteam i Hardanger
Lingalaks er eit lokalt familieeigd selskap med base i Norheimsund. Gjennom fleire generasjonar har me opparbeidd oss unik kunnskap om lokalt miljø og klima. Me spelar på lag med naturen og kvarandre for å produsere fisk i verdsklasse.
Me jobbar tett på kvarandre og ønskjer at kvar enkelt skal ha moglegheit til å påverka produksjon og retning for selskapet. Hos oss er det viktig at dei ansatte opplever meistring og personleg utvikling. Derfor jobbar me for at den enkelte skal ha ein variert arbeidskvardag med ansvar og meining.
Du kan lesa meir om koriels me arbeider med bærekraftig matproduksjon i Bærekraftsrapporten som ligg på våre nettsider.
Viktigaste arbeidsområder:
- Drift av lokalitet, dvs., kontroll og tilsyn av fisk.
- Vedlikehald, løpande kontroll og ettersyn av driftsutstyr, anlegg, båtar og bygningar.
- Delta ved smoltutsett, fôrmottak, notskift, avlusing, levering av fisk etc.
- Journalføring og rapportering.
- Avlasta driftsleiar ved behov.
- Delta i selskapet si vaktordning.
- Fòring av fisk
Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Fagbrev eller høgare utdanning innan akvakultur eller tilsvarande.
- Maritim erfaring eller frå fiskeoppdrett.
- Gode kunnskapar og genuin interesse for biologisk produksjon.
- God teknisk innsikt.
- Strukturert, ryddig og nøyaktig.
- Kunne arbeide sjølvstendig, være handlekraftig og løysningsorientert.
- Har stå-på-vilje, er positiv og liker å arbeide i team.
- Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg
Lingalaks tilbyr:
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver i en framtidsretta bedrift i rask utvikling.
- Gode muligheiter for fagleg og personleg utvikling.
- Konkurransedyktige vilkår.
- Kollektiv forsikrings- og pensjonsordning.
Kandidatar vil bli vurdert fortløpande.
Om arbeidsgiveren
Me har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger og Nordhordland, der me speler på lag med naturen og er ein stolt forvaltar av nasjonalskattar. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 11 ulike lokalitetar, med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn. Ærleg, kvalitetsbevisst og framtidsretta er våre viktigaste verdiar som skal leda oss mot vår visjon; å vera den føretrekte sjømatprodusenten.Våre 50 dyktige tilsette har berekraft, innovasjon og teknologisk utvikling i høgsete for å møta framtidige utfordringar og bidra til ytterlegare vekst for selskapet. Me har som mål å auka vår produksjon i dei komande åra gjennom nyskaping, kvalitet og utvikling av nye produksjonsmetodar i sjø og på land. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.