Driftsteknikar (vaktturnus)
Søknadsfrist 23. november 2026
Om Hardingsmolt AS
Hardingsmolt AS produserer smolt i lukka land- og sjøanlegg, med lokalitetar i Tørvikbygd og Koløy. Selskapet blei etablert i 2006, og har vore tidleg ute med utvikling og drift av lukka sjøanlegg etter å ha fått grøn konsesjon innvilga i 2016. På Koløy har me 24 000 m³ lukka volum i sjø og det er søkt om ytterlegare utviding. Hardingsmolt har 45 tilsette og satsar sterkt på kompetansebygging, mangfald og lokalt ansvar.
Me har ein sterk kultur for læring og utvikling, og jobbar kontinuerleg med å sikre fiskevelferd, effektiv og skånsam matproduksjon, og å møte bransjen sine store utfordringar med lusefri og frisk smolt gjennom ein effektiv produksjon, og bruk av nyaste kunnskap og teknologi.
Om stillinga
Me søkjer ein engasjert og praktisk anlagd medarbeidar til anlegget vårt på Koløy.
Arbeidstida er organisert i turnus etter gjeldande turnusavtale.
Driftsteknikar (vaktturnus)
Me ser for oss at du trivast med arbeid på sjø og liker å vere ein del av innovasjon i oppdrettsnæringa på eit lukka anlegg. Kanskje du er også interessert i samspelet mellom teknikk, kjemi og biologi. Du ser verdien av å jobbe saman mot eit felles mål saman med kjekke kollegaer med ekspertise frå ulike fagfelt. For den rette kandidaten er det, etter ein opplæringsperiode, moglegheit for å tiltre i vaktturnus. I denne stillinga vert dine arbeidsoppgåver varierte og beståande
av t.d.:
Deltaking i større operasjonar knytt til mottak og levering av fisk.
Tilsyn, vedlikehald og oppgradering av anlegg og komponentar.
Oppfølging av produksjons-, vedlikehalds- og internkontrollsystem.
Registrering av kontrollparameter
Tilsyn av oksygenanlegg der me produserer vår eigen oksygen.
Røkting og tilsyn av fisk.
Me treng deg som raskt kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og vere med og utvikle korrekt arbeidsmetodikk, men også ta del i praktisk problemløysing. Du har ei oppriktig interesse for oppdrett, og kommuniserer effektivt med dei rundt deg på norsk.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Fagbrev innan relevant felt som havbruksteknikk, akvakultur, automasjon, elektro er ynskjeleg.
Erfaring frå oppdrettsbransjen eller teknisk/mekanisk arbeid kan vege opp for manglande utdanning.
D6 sertifikat og evt tilleggsmodular, GSK, VHF, varmearbeiderkurs er relevante og vil vere eit pluss for stillinga.
Hos oss vert du del av eit dyktig team som jobbar tett saman for å gje gode veksttilhøve for fisken. Hardingsmolt er opptatt av å vidareutvikle kompetansen til våre tilsette og å halde seg oppdatert på aktuelle kurs. Vaktrotasjonen går over ti veker. Den er vekselvis ei veke på jobb (inkl. sovande på anlegg) og ei friveke, men i løpet av rotasjonen er det ein tre-veker friperiode, altså fire veker arbeid i løpet av ti veker. Noko operasjonelt arbeid/ekstravakter i friperiodar må påreknast.
Me kan tilby:
Konkurransedyktige vilkår.
For den rette kandidaten er det mogelegheiter for å bygge erfaring og utviklingspotensiale innad i organisasjonen.
Gode pensjons- (AFP og innskot) og forsikringsordningar.
Les meir om oss på våre nettsider www.hardingsmolt.no.
For ytterlegare informasjon om stillinga, ta kontakt med:
Dagleg leiar Frode Sandven på tlf. 994 19 578
Administrasjonssjef Silje Vik på tlf. 957 97 177.
Søknad og CV sendes innan 23. november 2026 til: silje.vik@hardingsmolt.no