Driftsoperatør

26.03.2023

Send din søknad her

Søknadsfrist:

26. mars 2023

Arbeidssted:

Skålevik, Bømlo

Nettside:

www.seashore.no

Kontakt:

Dag Helge Hellen

Telefon 915 64 396

Bremnes Seashore-konsernet er ein av Noregs leiande leverandørar av oppdrettslaks. Med lang erfaring, høg kunnskap om oppdrett og innovasjon i alle delar av prosessen, har vi utvikla kvalitetsprodukt som blir etterspurde over heile verda. Ved vårt topp moderne pakkeri og foredlingsanlegg på Bømlo produserer vi 500 000 laksemåltid kvar dag. Med over 600 tilsette er vi ein viktig arbeidsgjevar og ein aktiv støttespelar i lokalsamfunna der vi har aktiviteten vår. Verdiane våre er utvikling - truverd - arbeidsglede.

Settefiskanlegget i Skålevik er pilotkunde, og skal stå for drift av et pilotprosjekt i samarbeid med Leirvik AS og SeaRas med hensikt å teste ut et modulbasert RAS system for produksjon av postsmolt med fokus på energieffektivitet og biosikkerhet. Testperioden er i utgangspunktet frå september 2023 til september 2024 med moglegheit for forlenging.

Vi søkjer etter motivert og engasjerte driftsoperatørar til vårt settefiskanlegg i Skålevik. Ønskeleg med oppstart 1.august 2023.

Arbeidsoppgåver

  • Fôring, stell og tilsyn med fisk
  • Produksjon- og kvalitetsoppfølging
  • Rapportering og journalføring
  • Reinhald, ettersjåing og vedlikehald av utstyr

Stillinga vil etter kvart inngå i vaktordninga ved settefiskanlegget.

Kvalifikasjonar

  • Erfaring og/eller fagbrev, ev. høgare utdanning innan akvakultur
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Gode dataferdigheiter

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, samtidig som du er ein god lagspelar
  • Engasjert, strukturert og løysingsorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Ei spennande rolle i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen
  • Konkurransedyktige vilkår og høve til å utvikle deg både personleg og fagleg

Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med driftsleiar, Dag Helge Hellen på

telefon 915 64 396.