Driftsoperatør- fôrsentral

Søknadsfrist:10.02.2024

Send din søknad her

Søknadsfrist:

10.Februar 2024

Arbeidssted:

Norheimsund

Nettside:

https://lingalaks.no

Kontakt:

Leder Biologi:

Anita Stevnebø

Telefon: 41 69 72 47

Lingalaks er eit lokalt familieeigd selskap med base i Norheimsund. Gjennom fleire generasjonar har me opparbeidd oss unik kunnskap om lokalt miljø og klima. Me spelar på lag med naturen og kvarandre for å produsere fisk i verdsklasse. 

No søkjer med operatører til fôrsentralen vår i Norheimsund i både heltid- og deltidstilling!

Arbeidsoppgåver på fôrsentralen

Lingalaks fôrar alle anlegg frå fôrsentralen vår i Norheimsund, og overvaker fôringa med undervasskamera. Dette inkluderer 16 lokalitetar som strekk seg frå Nordhordland og til Karmøy i sør. Arbeidet som fôroperatør vil vere å styre og overvåke fôringa, samt registrere data i produksjonsstyringssystema våre. Du vil inngå i eit godt etablert arbeidslag.

Føretrukne kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • Har fylt 18 år
  • Gode samarbeidsevner
  • Punktlighet
  • Interesse for akvakulturfaget
  • Beherska norsk flytande, både muntleg og skriftleg

Lingalaks tilbyr:

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Eit trivelig arbeidsmiljø
  • Verdifull erfaring frå havbruksnæringa

Om arbeidsgiveren

Me har ei lang og tradisjonsrik historie som matfiskprodusent i Hardanger, Nord- og Sunnhordland og Karmøy, der me speler på lag med naturen og er ein stolt forvaltar av nasjonalskattar. Miljøvenleg og berekraftig produksjon har alltid vore viktig for oss og me produserer vårt kvalitetsprodukt på 16 ulike lokalitetar med eit årleg volum på om lag 14 000 tonn og omsetnat på 1 mrd kroner. Hovudkontoret vårt er i Norheimsund.Våre 55 dyktige tilsette har openheit, framtidsretta og kvalitet i fokus for å møta framtidige utfordringar og bidra til ytterlegare vekst for selskapet.