Driftsoperatør fôringskontor – Bjordal

Søknadsfrist: 01.07.2023

Osland søker etter driftsoperatør til fôringskontoret i Bjordal som vil vere med å forme verdas beste regnbogeaure!

Søknad sendes til:

robin@osland.no

Søknadsfrist:

1. juli 2023

Arbeidssted:

Bjordal

Nettside:

https://osland.no/

Kontakt:

Robin Jarnes

Produksjonsleiar havbruk

Tel: +47 94 85 85 53
Email: robin@osland.no

Kristin Utne Berg

Teamleder Fôringskontoret

Tel: +47 99 53 53 23

Email: kristin@osland.no

Form the origin. Innovasjon, arv og framtida, alt startar på same stad, opphavet. I eit enkelt, lite rognkorn er standarden for havbruket sett. Osland har sidan 1963 utvikla og bevart Noregs eldste stamme av regnbogeaure og arbeida for optimale vekstforhold for fisk, rogn og smolt.

Osland Havbruk har 6 lokalitetar i Sognefjorden og ein lokalitet i Rogaland. Vi søker no etter deg som har interesse for biologi og ønsker å sikre optimal fôring av auren vår på kontoret i Bjordal. Dette er ein spennande kontorjobb kor du vil bidra til nøkkelprosessar i produksjonen som f.eks. fôring, fôrbestilling og å optimalisere produksjonen. Du vil også kunne vere med å påverke fôringsstrategiane til Osland Havbruk og delta i ei gruppe kor vi jobbar tett saman for å utvikle oss med ønsket om å bli best på fôring i landet.

Vi ser etter deg som er fokusert, opptatt av å skape gode resultat med teamet ditt og kommuniserer godt.

Arbeidsoppgåver

  • Overvaking av fôring og utvikling av strategiane våre
  • Fôrlogistikk
  • Oppfølging og rapportering av produksjon- og lokalitetsmålsettingane
  • Dagleg kommunikasjon med driftsteknikarar sjø på lokaliteten du fôrar
  • Kalibrere fôringssystem
  • Overvake miljø i sjø
  • Registrere nedetid/oppetid på teknisk utstyr og avvik i Incontrol.
  • Dagleg registrering i Mercatus Farmer

Kvalifikasjonar

  • Erfaring og/eller formell kompetanse innan havbruk, biologi eller akvakultur
  • Beherske norsk som arbeidsspråk munnleg og skriftleg
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Gode datakunnskapar
  • Ansvarsbevisst, nøyaktig og pliktoppfyllande
  • Løysingsorienterte og strukturert i det daglege arbeidet

Vi tilbyr

  • 100 % fast stilling
  • Moglegheit for turnusordning
  • Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
  • Konkurransedyktige betingelsar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar

VELKOMMEN TIL TEAM OSLAND!

Våre tilsette i Osland Havbruk AS, Osland Genetics AS og Osland Settefisk AS utgjer Team Osland. Til saman har om lag 60 fagfolk med ulik kompetanse og ulike arbeidsoppgåver arbeidsplassen sin her. Nokre har høgare utdanning mens andre er praktikarar med tiår med erfaring. Det er samansetninga av kompetansen til desse som dannar grunnlaget for arbeidet utført. Det er denne staben som utgjer Osland.