
Automasjonsansvarleg for kamera og sensorikk i sjø
Søknadsfrist: 31.05.2025
Automasjonsansvarleg søkjast til framtidsretta havbruksselskap
Er du ein teknisk orientert person med ønske om å bidra til berekraftig matproduksjon?
Om stillinga
Som automasjonsansvarleg har ein ansvar for bl.a kamera og sensorar i sjø. Her vil du ha ansvaret for at utstyret som er i bruk, er i orden, vedlikehaldt korrekt og montert i henhald til produsenten sine anbefalingar. Feilsøking og koordinering mot eksterne leverandørar er nøkkelfaktorar i denne stillinga.
Sensorane registrerer miljø-forholda til fisken. Her pågår ei spanande utvikling, og denne stillinga er sentral i å vurdere løpande kva for teknologi me skal ta i bruk.
Dette er ei nøkkelrolle i arbeidet med å realisere måla som selskapet har for produktivitet og fiskehelse. Du vil jobbe tett med produksjonsavdelinga og leverandørane våre. Alt for at me skal produsera fisk på best mogeleg måte.
Dine hovudoppgåver:
Leia, koordinere og utføre dagleg oppfølging av automasjon, herunder; signal, kamera, lys og sensorikk frå merd til flåte og fôrsentral.
Bidra i vurdering av ny teknologi.
Klargjere, teste og gjennomføre tilstandskontroll på utstyr.
Kontakt med leverandørar og fôrsentral.
Utføre reparasjonar på utstyr på lokalitetar og landbase.
Rådgivning/konsultering opp mot teknisk leiar.
Fordeling av arbeidsoppgåver via vedlikehaldssystemet.
Utarbeide beslutnings-underlag.
Me søkjer deg som har:
Fagbrev automasjon/elektro. Ønskeleg med teknisk fagskule eller høgskuleutdanning (min 2-3 år).
Erfaring frå tilsvarande eller liknande stilling vil vera ein fordel.
God skriftleg/munnleg framstillingsevne
Me tilbyr deg:
Spanande arbeidsoppgåver i eit framtidsretta selskap i rask utvikling
Ein sterk kultur med fokus på berekraft, innovasjon og kvalitet
Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
Konkurransedyktige vilkår, samt solid forsikrings- og pensjonsordning
Ein arbeidsgjevar med djupe røter i lokalsamfunnet og ein visjon om å gjere ein forskjell for framtida
Er du klar til å bli ein viktig del av teamet vårt? Send søknaden din til oss innan 31.05.2025 og bli med på reisa mot ei berekraftig og innovativ framtid!
Om arbeidsgiveren
Lingalaks er eit familieeigd og vestlandsbasert havbruksselskap med lang historie innan berekraftig produksjon av kvalitetslaks. Me er stolte av å forvalte og utvikle ei sterk arv i havbruksnæringa, med visjonen: "Ei føregangsbedrift innan berekraftig lakseproduksjon". Føremålet vårt er å forsyne verda med sunn kvalitetslaks frå Vestlandsfjordane gjennom dyrehald i verdsklasse, og sikre at flinke folk kan bu på fine plassar ein er glad i.