Driftsteknikar / røktar
Søknadsfrist 14. september 2026
100 % fast stilling ved settefiskanlegget vårt på Moltustranda
Er du praktisk anlagt, oppteken av fiskevelferd og interessert i moderne akvakultur? Då kan dette vere stillinga for deg.
STILLING
100 % fast
ARBEIDSSTAD
6076 Moltustranda
SØKNADSFRIST
14. september 2026
Dette får du hjå oss
Ein variert og praktisk arbeidskvardag
Arbeid med moderne produksjonsteknologi
Eit inkluderande arbeidsmiljø med korte avgjerdsvegar
Høve til å påverke og bidra til vidare utvikling
God opplæring og fagleg utvikling
Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
Arbeidsoppgåver
Dagleg røkting, fôring og oppfølging av fisk
Overvaking av fiskevelferd, vasskvalitet og produksjonsmiljø
Reinhald og vedlikehald av kar, utstyr og produksjonsområde
Prøvetaking, registrering og dokumentasjon
Kontroll og oppfølging av tekniske anlegg
Deltaking i internkontroll, kvalitetsarbeid og HMS
Førebygging og handtering av avvik
Andre oppgåver knytte til den daglege drifta av anlegget
Stillinga inngår i vaktordninga.
Vi ser etter deg som
Har fagbrev i akvakulturfaget eller anna relevant utdanning eller erfaring
Har interesse for fiskevelferd, biologisk produksjon og teknisk drift
Er praktisk anlagt og har god teknisk forståing
Arbeider sjølvstendig, strukturert og ansvarsfullt
Samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Er løysingsorientert og tek initiativ
Har gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg
Har førarkort klasse B
Relevant erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav. Vi oppmodar også nyutdanna og personar med relevant praktisk bakgrunn frå andre fagområde til å søkje. Den rette personen får nødvendig opplæring.
Om Villa Smolt AS
Relevant erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav. Vi oppmodar også nyutdanna og personar med relevant praktisk bakgrunn frå andre fagområde til å søkje. Den rette personen får nødvendig opplæring.
Villa Smolt AS driv settefiskproduksjon på Moltustranda i Herøy kommune. Anlegget består av tre avdelingar med gjennomstrøyming, gjenbruk
og RAS-teknologi. Vi har konsesjon for produksjon av inntil fem millionar smolt årleg og arbeider målretta med kvalitet, fiskevelferd, driftstryggleik og berekraftig produksjon.
Villa Smolt AS er ein del av AGAQUA-konsernet og er GLOBALG.A.P.-sertifisert.
Les meir om Villa Smolt på www.settefisk1.no/villa-smolt
Vi ser fram til å høyre frå deg!